KUNST OG PERFORMANCE

Det blir utstillingsopning på Den Grøne Fabrikken og fem ulike performanceverk rundt Mjøsvågen. Det blir rom for både observasjon og deltaking, innandørs og utandørs, og alt er gratis og fritt tilgjengeleg.

Det fyldige kunstprogrammet er gjort mogeleg gjennom eit godt samarbeid mellom Håsong og Performance Art Bergen, i tillegg til velvillige

Amber Ablett

Bilete av Amber Ablett

Foto: Linn Heidi Stokkedal

Deltakande performance
Oske/Bål // PAB-lokal
kl 1130-1500
Ved naustet til Magnus T

Amber Ablett (ho/henne) er ein kunstnar og forfattar basert på Vestlandet. Ved å bruka performance, tekst, lyd og reenactment utforskar arbeida hennar betydninga tilhøyrsle har for korleis me er saman, med fokus på korleis samfunnet vårt formar, speglar, kontrollerer og avgrensar dei mangefasetterte identitetane våre.

Ablett brukar sin eigen afro-europeiske bakgrunn som utgangspunkt for å skapa rom for spørsmål, fellesskap og kritisk tenking. Ho er interessert i korleis me lærer om oss sjølv gjennom å læra om andre menneske, og i konflikten mellom vår indre og opplevde kjensle av heim.

I staden for det spektakulære, vender Ablett seg ofte til workshopar og samlingar som alternative måtar å møta publikum på.

Carol Stampone

Bilete av Carol Stampone

Nokre av spørsmåla Carol Stampone utforskar er forholdet mellom fridom, ansvar og kva stad me er på i verda. Ho ynskjer å eksperimentera med ulike måtar å skriva seg sjølv og oss sjølve på.

Praksisen hennar handlar om å ta vare på seg sjølv (self care), noko som i fylgje den kjende US-Amerikanske borgarrettsaktivisten Audre Lorde er det same som å ta vare på samfunnet rundt seg. For tida består verktøykassa til Carol av feministiske avkoloniserte strategiar som site of speech, escrevivễncia og coracionar.

Carol Stampone (f. 1983) kjem opprinneleg frå Brasil, men er busett i Bergen. Ho har Bachelor og Master i Filosofi frå UNICAMP (Campinas, Brasil) og Universitetet i Bergen, og Master i Kunst frå KMD i Bergen.

Performance
Dear sisters, Help
kl 1145-1200 og 1500-1515

Frantzsen&Mjanger 

Foto: Oddbjørn Erland Aarstad

Deltakande performance
Pustberarar
kl 1100-1300 og 1600-1800

Duoen Frantzsen&Mjanger arbeider i skjeringspunktet mellom glas, performance og samtidskunst. Praksisen deira undersøkjer eksistensielle tema som pust, tid, sårbarheit og fellesskap. Glas fungerer både som materiale og konseptuelt verktøy. Det aktiverer publikum gjennom kroppsleg deltaking og felles merksemd.

Dei kjem til Håsong med performancen Pustberarar.

Frantzsen&Mjanger består av Maria Almås Frantzsen (bachelor- og mastergrad i glas frå Edinburgh College of Art) og Ruth Hol Mjanger (dosent i drama, kunst og kultur ved NLA Høgskolen).

Rita Marhaug

Bilete av Rita Marhaug
Bilete av Rita Marhaug

Foto: Patrick Morarescu

Hending
Nattsvermargåve
kl 1130

Dampskipkaien

Hending
Nattsvermargåve
kl 1430

Strandkanten

Utstilling
Handgjort
kl 1100-1900

Smia

Kroppen i landskap, tid og oppløysing er stikkord for arbeida til Marhaug. I dei seinaste verka er sansing og transformasjon viktig. Dette kjem gjerne fram gjennom paradoksale samanstillingar.

Ho nyttar ofte eigne kostymer og små overraskingar, ofte med objekt skapt særskilt til hendinga. Parallelt med installasjon, performance og videoverk, har teikning, trykk og kunstnarbøker vore viktige uttrykk for Marhaug.

Rita Marhaug er fødd i 1965. Ho har hovudfag frå Statens høgskole for kunsthandverk og design (1989) og mellomfag i kunsthistorie frå Universitetet i Bergen (1996). Ho har delteke på ei rekkje utstillingar og performancekunstfestivalar i inn og utland.

I tida 2001-13 arbeida ho som professor i grafikk ved Kunst og designhøgskolen i Bergen. Ho er mangeårig styreleiar i Foreningen Trykkeriet i Bergen, og var i 2011 med å skipa Performance Art Bergen.

Dino Dikic

Kva skjer vidare?
Samskapande prosess
1200-1900
Naustet til Magnus T

“Kva skjer vidare“ er eit stadsspesifikt kunstkonsept som blir vist under Håsong kunstfestival. I samarbeid med publikum vil kunstnaren laga ein instalasjon som består av treverk, tekst og trykk.

Kunstverket vert skapt gjennom ei interaktiv handling som gir deltakarar moglegheit til å gripa inn i den kreative prosessen ved utveksling av tankar og idèar undervegs. 

Deltakarar vil bedra til å utvikla kunstverket slik dei sjølv vil. I tillegg vil det vera mogleg å setja saman ein sjølvvald tekst som blir ein del av instalasjonen. Dei trykte tekstane vert føydd saman til ein heilskap, og vil forma historier eller tankar som kan oppfattast enkeltvis eller som et større kunstverk. Kunstneren kjem ikkje til å ha konkrete retningslinjer for det kreative arbeidet, kun ei overordna visuell ferdigstilling av kunstverket. 

Samspel, einigheit og utfordringar vert bygd på felles beslutningar. Dette er kjernen i den konseptuelle idèen bak kunstverket som utforskar korleis me i samarbeid, utan fullstendig kontroll, kan skapa eit kunstverk.

Dino Dikic (f. 1986) er utdanna grafikar og faglærar i visuelle kunstfag. Til dagleg arbeider han som grafikar og kunstlærer, og har sidan 2017 drive ein sjølvstendig grafikkverkstad kalla Ubåt Press. I tillegg er han utøvande biletkunstnar med bakgrunn i grafikk, tekst og teikning.


Foto av kunstverk laga av Brynhild Grødeland Winther

Brynhild Grødeland Winther

Utstillingsopning
Kunsten å gå seg vill (med og utan gravemaskin)
kl 1300-1900

Den grøne fabrikken

Brynhild Grødeland Winther har asperger og tenkjer i bilete. Ho kjem til Håsong og Den Grøne Fabrikken med utstillinga “Kunsten å gå seg vill (med og utan gravemaskin)”.

Teikning er hovudspråket hennar. Ho jobbar aldri med eit enkeltståande tema, men trekkjer strekar mellom ting ho er oppteken av.

Ho har bachelor og master frå KHiB, og har stillt ut ved m.a. Stavanger Kunstmuseum, Høstutstillingen (2016, 2023), Vestlandsutstillingen (2021,2025), og er innkjøpt av m.a. KORO, Equinor, OsloMet, Haugalandmusèet, Stavanger Kommune, Sparebanken Vest og Asker Kommune.

UTSTILLINGSTEKST:

Kunsten å gå seg vill (med og utan gravemaskin)

Det var ikkje første gonga eg gjekk meg vill. Eg hadde gått meg vill før. Med vilje. Så ofte at ein kanskje kan definere det som eit trekk ved min natur. Eit slags behov for å labbe direktte inn i auge på det ukjende for å oppdage noko eg ikkje visste at var. Der.

Andre gonge går eg baklengs gjennom terreng eg har passert før. For å sjå ting frå ei anna side. Det som har vore, via eit anna perspektiv. Leitande. Bak løa. Under steinane. I sogene. I skuggen til gnomen som hadde fått ein stor fisk. Valkyriene. Nordljoset. Det som er verdt å halde fast. Vinden. Verdiar som motsats til pengar. Bildekk. Skuggen som glir over graset. Familien. Eventyra. Regnet som blir borte i den mørke jorda. Glatt. Snuble. Klamre seg. Gravemaskina. Draumen. Sleppe taket. Bokstavane fastspikra på veggen. Redsla for å vere svak. Redsla for å miste. Naturen. Telefonleidningar. Eg har sagt det før; det fins menneske som aldri har holdt ei neve jord. Som aldri har holdt ein draum lenge nok til å bli svart under neglene. Røyrsystem. Flytande. Etter kvarandre. Hammer. Navigere. Kanskje. Kan skje. Naturen er ikkje ei kulisse, er ikkje lausrevet frå deg.

Det var den dagen det gjekk opp for meg at ein ikkje kan forklare ein hare kva det vil sei å gå seg vill.