Om Håsong 2024

Eit gamalt bilete av ungdom i og rundt ei hæs

Håsong Kunstfestival vart starta som eit initiativ for å skapa meir liv i bygda og gje ei vitamininnsprøyting til alle dei som heile året elles arbeider for å gjera Hosanger til ein attraktiv stad å bu.

Hosanger, tradisjonelt kalla Håsong blant dei lokale, er ei bygd med lang historie og sterk lokal identitet. Her finst gravrøyser, ei kyrkje frå 1796, og den fyrste kyrkja vart truleg bygd her så tidleg som på 1100-talet.

Her har det vore mykje aktivitet opp gjennom åra, noko kommunehuset, dampskipskaien og det verna naust- og verkstadmiljøet langs Mjøsvågen vitnar om.

Gjennom tidene har bøndene i bygda spedd på inntektene med ulike typar attåtnæringar, og frå midten av 1800-talet vaks det fram eit mylder av handverkarar og småindustri. Her har det mellom anna vore bygningsarbeidarar, garveri, tekstilfargeri, kistemakarar, landhandlarar, skreddarar, smier, gjørtlarar, metallstøyperi, møbelfabrikk, treskofabrikk, trikotasjefabrikk, strømpefabrikk og gjerdenotfabrikk.

Bygda har framleis eit aktivt industri- og produksjonsmiljø, med bedrifter som Mjøs Metallvarefabrikk og Norlender Knitwear. Men mykje er likevel endra frå den gong fjorden var vegen og Hosanger var sentrum i ein kommune med same namn. Geografisk ligg bygda no i periferien, men ho er i ferd med å etablera seg som sentrum i satsinga på Osterøy som ein kunst-, kultur- og turdestinasjon.

Dette ligg som eit konseptuelt og kontekstuelt bakteppe når me no arrangerer Håsong 2024.

Arrangør av Håsong 2024 er Osterøy kunstlag
Prosjektgruppa består av Lars Magne Bysheim, Else Karin Bysheim, Finn Røsland, Johannes Andersen Nysæter, Stephanie Kriznjak Tveiten, Arno Småland Isvik og Maia Birkeland (leiar),
Design: Didrik Rødberg
Web/SoMe: Stephanie Kriznjak Tveiten