AKTIVITETAR

Yoga ved vågen

Aktivitet (gratis)
0900

Dampskipkaien

Velkommen til ei rolig og energigivande yogaøkt på Dampskipskaien.

Me flyt gjennom mjuke bevegelser med fokus på pust, tilstedeværelse og ny energi under open himmel og med sjøen tett på.

Varigheit: Ca 45 min
Instruktør: Eirin Tysse Bysheim
Ta med eiga matte, evt teppe/gode klede

Etterpå er det drop-in i kunstbadstova Flabellina, ved Den grøne fabrikken.

BADSTOVE

Aktivitet
To grupper: kl 10-11 og 11-12
Flabellina

I samarbeid med Den grøne fabrikken

Nyt inntil ein time med varme, sjøbad og i kunstbadstova Flabellina, med panoramautsikt utover Mjøsvågen.

Ein perfekt start på festivaldagen!

NB! Få plassar, men kkje berre for dei som har vore med på yoga.

Sandfolket

Forfattarforedrag (gratis)
1500
Mjøsvågen Landhandleri, 2.etg

Forfattarforedrag: Kvar blei det av alle sandbåtane?

I over hundre år har 200 fartøy frakta sand ut Osterfjorden. Næringa gav leveveg for mange, og spelte ei viktig rolle i å byggja den byen me kjenner i dag.

Inge og Jarle Kallestad har skrive bok om fraktemenn i fjordafart, men også om dei som sat heime heile vekene og venta på ektemenn og fedre. 

Under årets Håsong deler dei nokre glimt frå denne soga.

FANTASIVEV FOR ALLE

Aktivitet (gratis)
1100-1600
Hagen

Osterøy Museum kjem til Håsong med aktiviteten “Fantasivev”. Kom, bli med å veva med ull, tråd, tekstilar og plantar.

Du kan veva stort eller lite, saman med andre eller åleine. Me skal boltra oss i fargar og struktur.

Aktiviteten er gratis, og passar for både born og vaksne.

Osterøy Museum er ein del av Museumssenteret i Hordaland, og held til på Gjerstad. Dei har ansvar for Hosanger Treskoskofabrikk, i tillegg til mange andre lokalhistoriske godbitar. Me er svært glade for å ha museet med på laget.

I samarbeid med
Osterøy museum

OPEN BÅT // DS OSTER

Aktivitet (gratis)
ca 1215 - 1745
Dampskipskaien

Når gamle dampen ligg til kai på Hosanger, kan du få koma om bord og oppleva den historiske båten på nært hald. Der er det også godt mogleg at du får kjøpt både forfriskningar og noko å eta. 

Ta med deg ein ven, gamal eller ung, og ta DS Oster i nærsyn under Håsong.

OPEN STRIKKEFABRIKK OG FOTOUTSTILLING

OPEN STRIKKEFABRIKK

Besøk den familiedrivne strikkefabrikken Norlender. Familiebedrifta vart etablert på fjellgarden Tveiten i 1927, og har drive i dagens fabrikklokale sidan 1947.

Ope fabrikkutsal. Det blir omvisning på fabrikken.

Fotoutstilling

I perioden ca 1907-1917 tok den unge fotografen Knut Mo (1890-1979) ei rekkje unike bilete av folk og liv i og rundt Osterfjorden. Etter at Mo døydde i 1979 vart glasnegativane til desse bileta liggjande i ei øskje hjå slektningar. Heilt til slektningane ein dag skulle rydda, og professor Vidar Lehman fekk høyra om negativane.

Saman med fotografane Hans Kristian Bukholm og Helge Sunde fekk Lehman redda dei unike negativane, og i 2014 vart eit utval av bileta vist fram i det gamle skulehuset på Eikanger.

Det er desse bileta som blir stilt ut i lokala til Norlender under Håsong.

Gratis
kl 1100-1600

I samarbeid med
Norlender knitwear og Bergen filmutvikling

OPEN TRESKOFABRIKK

Det er ikkje alle bygder som har ein fungerande treskofabrikk, men det har Hosanger.

I tidsrommet 1924-1954 var det storstilt treskoproduksjon på Hosanger. Etter det stod fabrikken og maskinene lenge og støva ned.

Osterøy museum har i samarbeid med Vener av Mjøsvågen og Osterøy sogelag dokumentert produksjonen av tresko ved Hosanger Treskoverkstad.

Sidan 2004 har ein gjeng frivillige vedlikehalde og drive dei dei gamle reimdrivne maskinene frå 1920-talet, og i 2017 vart det eit generasjonsskifte då dei gamle treskokarane gav seg, og en ny gjeng tok over.

Verkstaden er i dag driven i samarbeid med Osterøy museum, og er det einaste av sitt slag som framleis er i drift. På sikt ynskjer museet at verkstaden, gjennom sal og formidling, kan stå på eigne bein, og kanskje produsere meir enn berre tresko?

kl 1100 - 1800

I samarbeid med
Osterøy Museum