Praktisk info

Festivalområdet strekkjer seg frå Fjærå Sjøhus og Den Grøne Fabrikken, inst i Mjøsvågen, til Mjøsvågen Landhandleri, Hosanger kyrkje og Norlender knitwear i andre enden. Alt i relativt kort gåavstand.

Transport

  • Ta vakre Oster til festival

    Ta gamle dampen frå Bryggen i Bergen til Hosanger, der du kan oppleva utstillingsopning, performance, konsertar, mat og foredrag. Båten går frå Dreggekaien ved Bryggen laurdag morgon, 27.06.26.

    Obs! Kun 99 plassar. Billettar blir lagt ut for sal på ticketco i november 2025.

  • Parkering

    Me oppmodar alle som kan til å nytta seg av DS Oster, festivalbussane og eksisterande kollektivtilbod der det er mogleg. For dei som likevel kjem i bil, blir det parkering etter anvisning frå festivalens parkeringsvaktar, anten ved Mjøs Metall, kyrkja eller ved Norlender.

Overnatting

  • Ingen Festivalcamp i bygda

    I år legg me ikkje opp til nokon organisert festivalcamp. Vil du liggja i telt, må du forholda deg til reglane for allemannsretten.

  • Gjestehamn ved Mjøsvagen Landhandleri

    Er du tidleg ute, kan du sikra deg plass i gjestehamna ved Mjøsvågen Landhandleri.

  • Mjøsvågen Bobilcamp

    Har du lyst til å bu i bilen, kan du ta konstakt med Mjøsvågen Bobilcamp.

  • Fjordslottet Hotel

    Omkransa av fjord og fjell kan Fjordslottet invitera til ei personleg og heimekosleg hotelloppleving med heimelaga mat, god drikke, kvite dukar og levande lys i våre intime stover, selskapslokale eller restaurant. På Fjordslottet kan du finna ro for kropp og sjel, nyta eit opphald åleine eller samen med familie, gode vener eller kollegaer. Ca. 6 km frå Hosanger.

  • Osterøy Minihotel

    Enkel og grei overnatting i Lonevåg sentrum.

    Gangavstand frå Lonevåg Termial, og ca 8 km frå Hosanger.

  • AirBnB

    Sjekk om det finst noko ledig på AirBnb i området.