MUSIKK
OSTERØYKORET /
BJØRN TOMREN / ROSA PULLMAN
Osterøykoret skal vera med oss heile dagen under Håsong 2026. Dei skal syngja fleire ulike stader i bygda, fyrst på smiehaugen klokka 11. I tillegg er det to musikkarrangement som krev billettar: Bjørn Tomren i Hosanger kyrkje og Rosa Pullman på Mjøsvågen Landhandleri.
Osterøykoret
Korsong (gratis)
11:00: Smiehaugen
12:00: Dampskipkaien
13:00: Den Grøne Fabrikken
15:00: Norlender
16:00: Mjøsvågen Landhandleri
Me har vore så heldige å få med oss Osterøykoret og dirigenten deira, Jon Flydal Blichfeldt, til Håsong 2026. Dei blir med oss heile dagen, og kjem mellom anna til å stå på kaien og syngja for oss når Oster kjem med festivalgjestar frå fastlandet.
Osterøykoret vart skipa i 1914, og hentar medlemmer frå heile Osterøy (og nokre frå naboygda Bergen). Nedre aldersgrense for å vera med i koret er 16 år, og noka øvre aldersgrense har dei ikkje.
Opp gjennom åra har koret hatt mange ulike prosjekt. Til dømes har dei vore med på vandreteater, sunge med storband, sett opp musikal, vore med pianist Leif Ove Andsnes på konsert i Grieghallen, sunge i Estland i eit kor med 30 000 songarar og mykje anna moro. No arbeider dei fram mot konsertforestillingar på Osterøy ungdomsskule i september 2026.
Bjørn Tomren
Konsert
17:00-19:30
Hosanger kyrkje
Bjørn Tomren kjem til Håsong kunstfestival for å spela konsert saman med Hans Petter Gundersen og bandet hans i Hosanger kyrkje. Dette blir ein konsert der du kan få oppleva den unike stemma og karakteren til Tomren, saman med Gundersen og eit fantastisk, spesialkomponert band for anledninga.
Alle som har høyrt Bjørn Tomren veit at han har ei stemme heilt utanom det vanlege. Han beherskar både jodling, strupesong og dei fleste andre songformer.
No kjem han til Håsong saman med eit stjernespekka band sett saman av vår eigen sjefsmusikar HP Gundersen. Han kjem mellom anna til å spela frå den kritikarroste plata Oumuamua, som han gav ut saman med Gundersen i 2025.
Medverkande musikarar:
Bjørn Tomren (vokal)
Hans Petter Gundersen (gitar)
John Thomas (tangentar)
Erik Rolland (gitar)
Øyvind Storli Hoel (bass)
Stein Inge Brækhus (trommer)
I samarbeid med: Osterøy Sokn
Sponsa av: Hosanger kyrkjeforeining
Rosa Pullman
Konsert
21:00 - 23:00
Mjøsvågen Landhandleri
Rosa Pullman er ein heilt spesiell folkrock-/americana-artist med base i Los Angeles. Ei nærast overnaturleg blanding av livsglede og livsrøynsle gjev ho ein magnetisme som hoppar ut av høgtalarane og gjer scena elektrisk.
Låtane hennar vev eit teppe av menneskelege røynsler, der ho utforskar harde sanningar med ein gyllen varme. Konsertane hennar er nære, sterke og uforgløymelege, og me er ekstremt godt nøgde med at Rosa spelar under Håsong 2026.
Den særprega stemma til Rosa har reist vidt og nådd lyttarar over heile verda, både gjennom turnéar og i TV-seriar som Supergirl, Lucifer, Nashville, Virgin River og mange fleire. I 2019 spelte ho mellom anna under Bergen International Americana Festival, ein todagarsfestival på Ole Bull Scene med Hans Petter Gundersen som primus motor.
Medverkande musikarar:
Rosa Pullman (vokal, gitar)
John Thomas (tangentar)
Erik Rolland (gitar)
Øyvind Storli Hoel (bass)
Stein Inge Brækhus (trommer)
Hans Petter Gundersen (mellotron)
I samarbeid med: Mjøsvågen Landhandleri
Sponsa av: Mjøs Metallvarefabrikk AS