Mat

Under Håsong 2026 er det mogleg å kjøpa mat fleire ulike stader.

3-RETTAR // FJÆRÅ SJØHUS

Som i 2024 er det mogleg å kjøpa billett til 3-rettars middag på Fjærå Sjøhus under Håsong. Det er to bord­setningar: Ei klokka 1630, og ei klokka 1900. Ver merksam på at det berre er 25 plassar per bordsetjing.

KJEBAB // MJØSVÅGEN KAFÉ

Opningstid: 1100-1800

I 2026 har me vore så heldige å få med oss Mjøsvågen kafé og den meritterte meisterkokken Håkon Reigstad. Reigstad er til dagleg pensjonist, men sa heldigvis ja då me spurde om han ville vera med på årets Håsong.

Han har fått i oppgåve å laga “kjebab” til kjappmat-matkonseptet vårt. God mat som du kjøper og tek med deg i handa mellom kunst- og kulturopplevingane.

I tillegg blir det servert stompakaker og kaffi.

Betasuppe // Oster

Opningstid: Medan Oster ligg til kai (ca 1200-1800)

Medan D/S Oster ligg til kai på Hosanger vert det mogleg å koma ombord i den historiske båten, og mellom anna kjøpa betasuppe.

Oster er eigd og driven av eldsjelene i Nordhordland Veteranbåtlag, og me er svært glade for å ha fått dei med oss igjen, no i 2026-utgåva av Håsong.

PIZZA OG ANNA // MJØSVÅGEN LANDHANDLERI

Opningstid: 1000-2100

Då dagens pensjonistgenerasjon var unge, hadde Hosanger-bygda 3 daglegvarebutikkar, post, bank og meir. Men i mange år, etter butikkbrannen i 1985, var bygda utan dagelgvarebutikk. Før Mjøsvågen Landhandleri opna i 2018.

Men på Landhandleriet får du meir enn berre daglegvarer. I kaféavdelinga kan du mellom anna kjøpa nysteikt pizza, i tillegg til allslags forfriskningar.